Hensikt
Oppretthalde ein funksjonell munnhole, unngå infeksjonar og auka velvære
- Fjerne plaque på tenner
- Rense tenner, tunge og munnhole
- Stimulere blodsirkulasjon til tannkjøt og tenner
- Stimulere spyttsekresjon og oppretthalde ei fuktig munnslimhinne
- Observasjon av munnen
Omfang
Prosedyren gjeld intensivpasientar som ikkje er istand til å utføre munnhygiene sjølv, og spesielt respiratorpasientar.
Grunnlagsinformasjon
Immunforsvaret til intensivpasienten er svekka grunna sjukdomstilstanden. I pasienten sin munnhole og svelg kan det lett oppstå overkolonisering av bakteriar frå mage-tarm-traktus, lokal normalflora og eksogent tilførte bakteriar. Smittevegen frå munnhola til luftvegar og blodbane er kort.
Dei fleste respiratorpasientane har nedsett svelgaktivitet og nedsett spyttsekresjon.
Spytt rensar, spyler og har ein antimikrobiell funksjon og er den viktigaste beskyttelsen i munnhola. Når munnen er ”uvirksom” vil spyttet endre seg, det vil verte seigt, meir basisk og få endra bakterieflora, dermed aukar risikoen for infeksjon.
· Tørre slimhinner fører også til at belegg og plakk festar seg på tenner og slimhinner og dannar koloniar av patogene mikrober.
Arbeidsbeskriving
Ansvar
Spesialsjukepleiar/ Sjukepleiar ved intensiv avdeling
Handling
- Intensivpasientar skal ha munnstell ofte, og hos respiratorpasientane kan det gjerast i samband med sugeprosedyre.
- Tannpuss morgon og kveld, elles rense og skylle munnen med, alkoholfri munnrens (ferdige munnstellsett) eller reint vatn.
- I tillegg kan det vere aktuelt å fukte munnen med vatn innimellom.
- Munnfuktar (pasta) kan brukast etter utført munnstell
- Dersom det er vanskar med å utføre skikkeleg munnstell pga. ubehag eller at han bit i hop munnen kan det giast (etter forordning av anestesilege) Alfentanil eller liknande medikament så tilfredstillande munnstell kan utførast.
- Oralt intuberte pasientar bør byte tubeleie annan kvar dag for å få utført godt munnstell og unngå sår i munnvikane. NB! Dette avhenger av at pasienten er stabil og vil tåle denne prosedyren.
- Tannprotesar, implantat og bruer skal pussast/ reingjerast med tannkrem og vatn.
- Mycostatin skal giast etter munnstell, dette for at mycostatin skal kome godt til i munnslimhinna
Utstyr
Tannbørste: Mjuk tannbørste, barnetannbørste eller eingongstannbørste med swab som kan koblast til sug skal brukast til intuberte pasientar.
Interdentalt utstyr: Interdental brush, interbrush tannbørste, tannstikker eller tanntråd brukast for å fjerne interdentalt plakk.
Tannkrem: Aukar den mekaniske effekta av tannbørsting, men har ingen betydning for å fjerne plakk. Tannkrem med fluor har ei forebyggande effekt på munntørrleik
Reingjering og oppbevaring av utstyr til munnstell:
Oppbevaring: Tørt og beskytta
Oppbevaring: Tørt i lukka beholdar
Arbeidets gong
Metode tannpuss
-
Sug forsiktig i munnhola og svelg dersom pasienten har mykje sekret.
-
Puss tenner
-
Bruk interdentalt utstyr for å fjerne plakk mellom tennene.
-
Puss forsiktig tunge, spesielt den bakre delen, munnhole, evt. sonde og tube
-
Skyl tannkremen godt ut med reint vatn evt. bruk munnsvamp for og fjerne tannkremrestar
-
Overflødig væske suges vekk
-
Munnfuktar- pasta kan brukast etter utført munnstell
-
Smør lepper med vaselin/ leppepomade
Metode munnskyll
-
Sug forsiktig i munnhola og svelg dersom pasienten har mykje sekret.
-
Overflødig væske suges vekk
-
Munnfuktar kan brukast etter utført munnstell
-
Smør lepper med vaselin/leppepomade
Metode munnfukt
Dokumenter i Picis kva type munnstell som er utført.
Referansar
Kva kan intensivsykepleier gjøre for å ivareta respiratorpasientens munnhygiene, 2001, avsluttande oppgåve vidareutdanning i akuttsykepleie, linje for intensivspl HNT, Ove Minsås
Suging og munnstell hos oralintuberte pasientar, Forelesing ved hygienesjukepleiar Berit Bue
Fagoscopet 2-2002
Intensivsykepleie, Gulbrandsen og Stubberud 2005
Munnstell til invasivt mekanisk ventilerte voksne intensivpasienter. Helsebibioloteket, fagprosedyre